Kva gjere deg til deg?

Alt i alt vil eg argumentera med at det er dine val som definere kven du er. Det er mykje meir som spele inn, men som til sist blir til val du tar i kva nå situasjonar du er i og kva som skjer. Så då må me sjå meir på kva som påverkar dine val og om me kan seia at det er du som tar dei eller ikkje. For om det ikkje er heilt du sjølv som tar vala som påverkar kven du er, så kan ein ikkje sei at det er du som er du heller?

Men kva med kva du tenkjer? Har ikkje det mykje å sei på kven du er? Velje du å tenkja på det du tenkjer på? Eller er det ikkje du som vel dine tankar? Nokon tankar kan det virka som at berre kjem utan at me veit kvifor, men me kan ta valet om å la den tanken vera der, endra på den eller ignorera den. Og nokon tankar kan komma frå den ubevisste delen av oss, men som framleis er ditt ubevisste val. Her kjem også eit anna interessant spørsmål: kor kjem eigentleg tankar frå ? Men det er eit anna tema som ikkje passar inn i denne teksten. Så ut i frå kva tankar me har, kva er effekten av dei? Jo dei du velje å gjera noko med, kva val me tar ut i frå kva me har tenkt. Så derav tilbake til kva val me tar.

Kva med historia vår? Er det ikkje fortida vår som definere kven me er? Vel det har sin effekt, men det er uansett val me har tatt før som me enten framleis står for og vil gjera igjen, eller val me ikkje lengre ville gjort om me hadde vore der med din nåverande kunnskap og erfaring. Og til same grad vil våre val idag skapa vår framtidige historie. Men om du vil legga til eit ledd i definisjonen, så kan me sei at: Du er dei vala du tar og har tatt.

Så kva påverka dine val? Det mest tydlige i dagens samfunn er reklame. Uansett kva du trur om deg sjølv, så blir dine val i varierande grad påverka av reklame. Og den mest effektive det er TV reklame og anna animert reklame med lyd. For til fleire sansar som tar informasjonen inn, til større effekt har det på oss.

Men det er langt i frå berre direkte reklame, for me kan generalisera med å sei at media generelt sett påverkar våre val mykje. Mykje meir enn kva dei fleste er klar over. Då i form av nyhende og underhaldning som TV spel, filmar og TV seriar. Dette er noko som gjeld alle, inkludert meg sjølv. Så det er noko eg sjølv må vera klar over effekten av. For våre sansar opplever det me brukar tid på som meiningsfullt og då oppfattar me det som ein del av korleis verda er. Men om me då bruker mykje tid på å sjå på nyhende om alt det negative som skjer i verda (som er storparten av kva nyhende er) så vil me tru at verda er mykje verre enn den er og ta val der ifrå. Eller for den saks skuld, frå alternativ media si side. Om me bruka mykje tid på å lesa om kor korrupte folk er og kor styrte av pengar og makt dei kan vera. Så kan me få inntrykket av at verda i seg sjølv er korrupt og ta val der ifrå. Men om me hadde brukt ein del tid i tillegg på å snakka med folk rundt oss med andre tanke sett, så vil det bilde endra seg. Som det er med alt, så er ein balansert middelveg stor sett betre.

I vår oppvekst så lære me om verda via kva me observere og opplever, som igjen forme kven me er og då kva val me tar. Og om me bruke mykje tid på å sjå på TV seriar og filmar så kan det ha den effekten at me tar val uti frå ei verd basert på det underhaldninga har vist oss og ikkje korleis verda faktisk er. Og då kjem den effekten fram som nokon har observert; som er at me lar TV og media forma verda vår via at dei viser oss ein falsk versjon av korleis verda er, som me ut i frå kva val me tar former verda til å bli det media viste oss. For i ein alternative ide, blir me introdusert til konseptet at me laga verda me leve i, via forskjellige lite kjende funksjonar av verda, basert på kva me tenke(thoughts create reality). Men om me då tar media sin versjon som utgangspunkt der så vil det då bli at det er media som forma verda vår, med oss sjølve som tar inn media, som medium. Men er det då heilt DU som tar dei vala? Eller er det media som har fått deg til å ta dei vala?

Ein anna ting me alle har nytte av å vera klar over; er at dei fleste av oss vil ta val ut i frå kva val andre tar. Fordi me vil passa inn i samfunnet me er del av, også kalla komformitet. Som er grunnen til at reklame og media fungere så bra til å påverka val folk tar. For me observere ein samfunns standard og tilpasse oss den for å ikkje bli ein merkeleg utside person, som folk ikkje vil vera med fordi «du ikkje er som dei andre». Ein form for gruppe tenking ut i frå ein trang for tilhørighet i gruppa. Så når ein reklame vise eit produkt som blir brukt av alle i reklamen og til og med av personar me kjenner godt via media, så fortel det oss at det er eit bra produkt som me må bruka for å passa inn. Tilsvarande effekt er det av merker og produkt brukt i filmar og TV seriar, og kva mentalitet som blir presentert i underhaldninga. (Dei i media som me ser mykje på oppføre seg sånt, då er nok det ein normal måte å vera på som eg og må oppføre meg litt som.) Eller: (dei kjente personane i filmane som eg like har den personlegdomen, den vil eg også ha.) Så spørsmålet der er vel; Kven ser du opp til og tar val som er inspirert frå ?

Nå er det i utgangspunktet ikkje ein dårleg funksjon det å tilpassa seg samfunns standarden for å fungera ilag med andre. Men det me kan dra nytte av at den kunnskapen kan utnyttast. For det er via observasjonar av kva andre gjere og kva som skjer me lære om verda me bur i og då lære reglane om korleis verda fungere. Denne kunnskapen kan brukast til å forma reglar og standardar i folk blant anna via media som vist i avsnittet over. Så i første omgang så bruke me det til å finna ut kva som er samfunns standarden av korleis me gjere ting. Men om me vil fortsetta å lære så bruke me den funksjonen til å læra i større grad kva som fungere betre og dårlegare av kva andre og me sjølve gjere og effekten av kva folk gjere. Og då endre på kva me gjere ut i frå kva me kan konkludera med er betre, via refleksjon.

Så korleis kan me best ta eigne val? Val som er lite påverka av media og andre, val som er ut i frå observasjonar av seg sjølv og andre og kva som fungerer betre. Kanskje ta seg meir tid til å tenka over kvifor me gjere det me gjere, reflektera litt. Det er då du forme deg, ut i frå eigne val som ikkje er styrt i større grad av media manipulering. For om du ikkje tar litt tid til å tenkja over kvifor du gjere det du gjere, så tar du i stor grad val på automatikk som er styrt av re-aksjonar, som er i større grad ubeviste val som blir tatt fordi me ikkje tar oss tid til å ta eit bevist val. Så det er då ikkje berre fysiske og psykiske utfordringar med for mykje stress, det er og personlege utfordringar med stress, si du då ikkje har/får tid og ro til å ta beviste val.

Det er også her du kan i større grad betra trua på deg sjølv om du har utfordringar der, via å finne kva du er interesserte i ut i frå dine val. Kva val du tar som engasjere og gir deg glede, som du oppleve som meiningsfullt. For om du tar meir av dei vala, så vil du via å vera meir deg, kjenna deg betre og bry deg mindre om kva andre meine om dine val. Det kan også hjelpa å bruka litt mindre tid på unyttig digitale medier som sosial media og digital underhaldning.

Men for å hoppa litt tilbake til der me starta; Kva gjere deg til deg. Og kvifor eg meiner det er dine val som definere deg. For det er kva du vel å gjera som folk ser og som me kan sjå effekten av i verda. Tilsvarande er dei dei vala andre ser verdi i og gir deg positiv tilbakemelding om som du då blir motivert til å gjera meir av. Det er då dine val som forme kven du er ut i frå kva andre ser av deg. For tankane dine er det berre du som veit om, med unntak av dei tankane du vel å dela med andre. Altså det du snakke med andre om, eller skrive ned og dele med andre, som eg gjere nå med denne teksten. Så då har me kombinasjonen av kva du tenke, kva du seier/kommunisere og kva du gjere som forme kor autentisk du er. For om du snakke om ein ting men vel å gjera noko som ikkje heng saman med kva du snakkar om så presentere du deg sjølv som ein falsk person, ein lite truverdig person.

Nå leve me i ein trivegs verd blir det sakt. (3 rom-dimensjonar, ein stol trenge 3 bein for å stå, ein familie har minst 3 medlemmer osb.) Så for å vera ein genuin og truverdig person så må det du tenker, det du seier og det du gjere henga saman. Det vil sei at alt av deg kommunisere den same retninga. For du kan vera ein falsk person via å tenka ein ting men sei og gjere noko anna, då er det litt vanskelegare for andre å sjå det, men det kan leggjast merke til via småting her og der eller kva du gjere når andre ikkje ser. Og ein må alltid vera på vakt med kva ein gjere og seier om det ikkje heng saman med kva ein tenker. Sidan ingen er feilfrie, så vil noko gli gjennom ein og anna gong. Så det er best å vera 100% seg sjølv og ein genuin person.

Litt spekulativt: Så har me den delen av oss som me har lite eller ingen direkte dokumentasjon til effekt av. Det som gjere at 2 forskjellige individ som har så lik oppvekst som kan observerast, vil likevel ta forskjellige val. Nokon vil sei at dette er sjela vår, den me er i ikkje fysisk form. Andre vil sei at det er små forskjellar i miljøet i form av korleis folk kommunisere og sossiale interaksjonar. Sjølv blant fagpersonar innan personlighets psykologi så er det usemje her på kva som utgjere forskjellen. Nokon har uttalt seg om at det er noko me er født med som ikkje kan attribuerast til gener. Det er ein del som kan indikera at me har/er ei sjel, sjølv om vitskapen ikkje fortel sers om det idag.

Det heiter seg også i alternative verda at me laga vår eigen verd. Ikkje på eit individuelt nivå, men på eit kollektivt nivå. Som er sant på forskjellige plan. Blant anna reint via kva val kvar og ein tar så er det dei som har resultat på korleis verda formar seg. Via kva produkt me kjøper som gir tilbakemelding til leverandørane kva folk vil ha, kva fritids aktivitetar folk tar del i resultere i kva aktivitetar som blir varande, og kva prosjekt folk starte og fullføre. Er alle val som blir tatt og på ein direkte måte forme verda vår.

Tilsvarande er det tankar og idear me formidle til andre som igjen gir dei idear og inspirasjon til kva val dei tar. Det er også våre tankar og idear som forme kva me vel å tru på, som har ein effekt i verda me bur i, via blant anna «den sjølv oppfylande profeti» effekten. Som går ut på at det me tenke og fokusere på vil me også leggja meir merke til i verda. Dette vil igjen gi oss ei erfaring me tar val frå. I tillegg til prossesen bak kreativitet: Me får inspirasjon som er i form av ein tanke eller ide om noko, me formulere og forbetre den ideen i våre beviste tankar, før me så konkretisere den med å skaffa materiale me treng for å laga objektet eller testa den ut i verda. Dermed er det verdi i å tenkja over kven ein er og så kva val ein tar og om dei faktisk er dine val. Nettopp fordi kven du er ut i frå kva val du tar er med på å forma di og mi verd.

Så kjem spørsmålet; Kva stemmer mest med kven du er av; den du ser deg sjølv for å vera eller den andre seg deg for å vera? Eit perspektiv er at det er andre sine narrativ om deg som stemme mest, på bakgrunn av at det er den effekten du har på verda som andre oppleve. Eit anna perspektiv er ut i frå sjølv narrativ, der du er den du tenker og handlar ut i frå med utgangspunkt i å vera eit genuint individ. Utfordringa her er då nettopp om du er autentisk eller ikkje, og om du klare å søka tilbakemeldingar på om den du vil vera stemme med den andre oppleve deg som å vera. For dei stemmer ikkje alltid. Dette kan vera grunna misforståingar, mistolkingar eller dårleg kommunikasjon, som då kan skapa konfliktar. Men det er nyttig å vera klar over at andre ser deg ikkje på same måte som du ser deg sjølv. Usemje vil alltid kunne skje om kva som er bra og dårlege val, men ein kan bruke dette som referanse til å betra korleis ein handle, for å redusera forskjellen på dine narrativ om deg sjølv og andre sine narrativ om deg. Eller endra og betre på den du vil vera, ditt ideal bilde, ditt narrativ om deg sjølv. Ein utfordring her vil uansett vera perspektiv og kommunikasjon. Fordi kva ein fortel og gjere kan og blir alt for lett mistolka av andre, og om kommunikasjonen er dårleg så vil den mistolkinga også bli vedvarande og skapa problem og konflikt.

Så kva ville du gjort i ein tilsvarande situasjon? Kva val ville du tatt? Ville du stått på ditt og meiner at du veit best kven du er? Eller ville du ha funne ut av kvifor dei ikkje har same synet som deg? Eller noko anna? Uansett kva val du ville tatt så er det, det valet som du viser til verda som er den du er. Fordi det er dine val me ser og kjenne effekten av.

Til sist her vil eg dela linkar til andre tekstar og videoar som omhandlat dette temaet: Kva som forme kven me er. Og eg vil sitera ein liten del frå ein WitButWhy artikel som du finne neranfor her som også stemme for kvifor eg har laga denne sida:

The only thing I’ll say is that I told someone about the topic I was posting on for this week, and their question was, “That’s cool, but what’s the point of trying to figure this out?” While researching, I came across this quote by Parfit: “The early Buddhist view is that much or most of the misery of human life resulted from the false view of self.” I think that’s probably very true, and that’s the point of thinking about this topic.

Tim Urban – Wait But Why article on: What makes you you